NY BLOGG ! bestemordi.wordpress.com

Nei no må den mannen vekk  "endelig kvitt den bloggejevelen"

denne sida er flytta til







>>>>>> http://bestemordi.wordpress.com <<<<<<












takk til den gamle!  :)


webloggplass og andre viktige problem i verden

eg har brukt opp dei minimale 5mb som eg blei utdelt av weblogg.no. Kan noken hjelpa meg med å finne ein anna blogg???

Grilling øl og song!

juss1
Ja her sit gjengen (pluss Marte som tok bilde) utanfor jussbygget og drikk pils.
Det skulle paragrafryttarane innanfor bygget aldri frå vite!
juss2
Stemninga byrjar og ta seg opp. Marte ler, noko ho gjor 87% av kvelden.

og så gjekk sola ned , og me inntok Magnus Barfots Gate 33.
innatt
Intelligent samtale mellom Åslaug og Anders.

yomayomayei

..og slik hadde Bjarte "the-wig-o-zone-wannabe" Bergsvåg sett ut uten hår. (syns eg fortjene applaus for da høga hårfestet der)

Bortsett frå mobbing av mitt fantastiske hår, nokon som vil kommentere kva dei har benytta dei siste fantastiske dagane til? I Bergen er det no 24 grader i skyggen! FY balle det er rekord i mai!


-redakSOL-


Påsketur

bjarteogsolfrid
Bjarte og Solfrid glakristne på M/S Finnmarken
ålesund
Bjarte posere i Ålesund, legg merke til Rune Rudberg tittelen på statuen.
noobs2
Jonas og Viktor, nokre me måtte ta med visst du skjønne kva eg meiner. (hoff)
noobs
 Bjarte og Stian, to meget sjuke personar.
ine
Vår tvilsomme vertinne Ine Hoem

steinkasting
Steinkasting (i fjæra vel og merke)

Feira påsken på ei lita hytte opp ved Molde kalla Hoemhytta. (opp ved, ved sida av, whatever). Denne hytta var eit lite skur som me budde 15 mann i , og maten besto av bønner og kokekaffi.

eller ikkje.

Hytta, eller landstedet som er ein meir korrekt betegnelse var overdådig. Edvarten (Hoem) må ha skreve eit lass med bra bøker for ein slik standard blir vanskelig å dekke ved å berre skrive narvesenlitteratur.  

Eg brukar som mange andre stikkord for å dekke ferien min:

*Stord
*Hengings
*Eg og Pappa tjuvlyttar på det nye albumet til David Gilmour
*Øl
*Sløving
*Hengings
*Barcardi Razz og cola (jaja)
*Høgg hor og heimatt til Bergen
*Hurtigruta med Solfrid (Ålesund rocks)
*Hoem
*Gjenforening
*Whiskey og cola (jaja)
*Bra musikk
*God stemning
*Tissebæsjhumor med eit dørhandtak som liknar ein penis.
*Whiskey og cola igjen (nei nei)
*Nachspiel med Jonas og Victor (bilde) i fjøra, med gitar og Kalinka til klokka halv 10 om dagen.
*Steinkasting , i god gammal påskeånd.
*Adjø og snufs
*Høgg hor og heimatt til Bergen med verdens styggaste hurtigrute..

akk ja.. så var det øve for denne gong.   og vil takke alle som var på Stord og Hoem for ein minnerik påske.
og som tidligare nemnt. Meir bilde skal det bli.

For å lette stemninga litt vil eg anbefale min kjære venn Torbjørn sin weblogg http://fardin.weblogg.no
Eg har tatt meg lov til å ta eit par utkast frå bloggen hans her :

(Torbjørn om jobben sin på Hydro Texaco)

- Ja, eg veit at bensinen er dyr, så shut the fuck up! Det er då for faen ikkje eg som bestemmer prisane!!

- Nei, eg kan ikkje hjelpe deg å skifte flensedynamo-coil eller whatever. Gå på ein jævla verkstad, din n00b

- Dagleg tar eg i mot meir dritt enn ein festival-dass, men du ser ikkje meg klaga av den grunn (muligens fordi eg er like lett å erstatte som ei lyspære).


For ein mann seier eg berre, for ein mann!

Kva har folk bedreve påsken med?

Which swatch did you watch?

Tenkte det var greit å starte mandagen med en liten leksjon i engelsk:

Norsk:
Tre hekser ser på tre swatch klokker. Hvilken heks ser på hvilken swatch  klokke?
Engelsk:
Three witches watch three swatch watches. Which witch  watch which swatch watch? Neste steg, Engelsk  for viderekommende: (advanced english)

Norsk:
Tre kjønnsopererte hekser ser på knappene på tre swatch klokker. Hvilken  kjønnsoperert heks ser på hvilken swatch-klokke-knapp?
Engelsk:
Three switched witches watch three Swatch watch switches. Which switched  witch watch which Swatch watch switch? Engelsk  for eksperter: (at the end)

Norsk:
Tre sveitsiske hekse-tisper,  som ønsker å være kjønnsopererte sveitsiske hekse-tisper, ønsker å se på  sveitsiske swatch-klokke-knapper. Hvilken sveitsisk hekse-tispe, som ønsker å  være en kjønnsoperert sveitsisk hekse-tispe, ønsker å se på hvilken sveitsisk swatch-klokke-knapp?
Engelsk:
Three swiss  witch-bitches, which wished to be switched swiss witch-bitches,wish to watch  three swiss Swatch watch switches. Which swiss witch-bitch which wishes to be  a switched swiss witch-bitch, wishes to watch which swiss Swatch watch  switch

Dette er ein av dei få tinga det faktisk er kjekt å få på mail på jobben.

Vil takka Ine og Solfrid for ein fantastisk bra fest , (vi snakker lørdagspizza!) og kvarteret for å ta 50 kr for 1 cl bailey's (nei da var ikkje eg som skulle drikka den jentedrikken). Og så vil eg takke Jon Blund som fekk oss til å sove longt utpå dagen etter eit mislykka nachspielforsøk hos ein bekjent av ein bekjent av ein venn..!

Og sånn ellers? Kva har folk bedreve helga med?

-redakBjarte-

Ja da va....

Ja da va....

Feira bursdagen til Åslaug i helga, og som dykk ser tok det litt av. Har alltid lurt på folk som tar slike bilder om dei har ei liv. Om dei tenkjer. " Eg trur eg fylle halve huset mitt med ølboksar, tar bilete av det , og legg det ut på nettet". JA! for ein fantastisk idè!

Håpe mor hans jobbe der for å sei det slik.

Ein har også desse som :
1. bygg ei kyrkje i lego,   
2. lagar bilde av Elvis med post-it lappar     
3. lagar iskulpturar (som i grunn er verdas mest utakknemlege jobb),
og andre ting for å få ei notis i Firdaposten.
Jaja, no skal ikkje eg snakke om eksponeringsbehov,  eg som skriv om livet mitt minst ein gong i veka og legg det ut på ein blogg. 

Men spørsmålet eg hadde lyst til å stille i dag, er eit spørsmål eg har stilla mange gonger før, men som eg syns framleis er like interessant:

Kva har du gjort i helga?

og for å "toppa heile driden"  så kan eg spør eit spørsmål til:

Kva skal du studere/jobbe med til neste år?
(eg ska gå eit halvt år på geografi og deretter gå på ingeniørforkurs kombinert med at eg sikkert skal drikke ein del øl)

-redakBjarte-

Noko å bryna seg på før helga

umd     dgnh


ja. kjære publikum. Kven er så dette? Den tenke eg satt!

Ting eg skal gjer i helga:

1. Reisa heim
2. Sjå idol og henga med gamle venner.
3. Stabla ved. (kanskje)
4. Feira bursdagen til Åslaug
5. Gå ein loooooong tur med Jostein på søndagen..
6. Vær familier så godt eg kan.

Kven er dette?

gjettkem

Uoffisiell og useriøs gjettekonkurranse på mordibloggen!

KVEN ER DESSE TO PERSONANE?

Hint:
1. Dei er søstre
2. Dei er ikkje guttar
3. Dei har blondt hår (doh!)
4. Dei har eit litt uvanleg etternavn (diskutabelt)
5. Dei har ikkje fine klede på seg på bilde, men har stort sett fine om ikkje sexy klede på seg ellers
6. Dei like brokkoli (kven gjer ikkje det)
7. Dei har ei mor (di)
8. Dei har ein far (.......arg, da må ut : DIN!)
9. Dei ete mat
10. Dei er rike (mest sannsynlig)

bonushint:  Dei pustar luft!


Og sidan min blogg stort sett handlar om alt anna enn kva eg gjer på, kan eg for forandringens skuld sei kva eg har gjort denne helga:

1. Slacka
2. Vandra på byen i regnvèr . (etter 1mnd med konstant sol var det på tide ein regndag)
3. Drokke litt øl
4. Sett Chicago (http://www.imdb.com/title/tt0299658/ )
5. Gått øve "vidden" frå Ulrikken til Fløyen med Eivind. Digg!
6. Slete med gangsperr og patetisk kneskade som eg pådrog meg på turen.
7. Spelt store mengder Donkey Kong (SNES) med Åslaug (yeah!)


In case I don't see ya. good morning , good day and good afternoon!  (gjettekonkurranse 2: frå kva film?)

-redakbjarte-

Ein litt forsinka 8 mars appell

Ja, eg veit.. Eg burde skreve noko i går, på sjølve kvinnedagen. Om Ottar, om Ane Fjelstad og  Eva Fjelstad, om Stein-Eirik Mattsson.  Ja det er mykje eg burde eller kunne skreve om.

Men det gjorde eg ikkje

Derimot skriv eg litt no.  Las i Magasinet på laurdag om  Eva Fjelstads stunt på 70-tallet. Ho hadde vunne tittelen Miss Trondheim og benytta sjangsen til å halde ein appell når takketalen skulla haldast.  Med fullt pressekorps og blitzregn sa ho klart og tydelig kva ho meinte om missekonkurranser , "kvinnediskrimenerende" og "fesjå" var nokre av orda som vart benytta..  

Eg er imponert..
 Ser for meg settingen...   Fjelstad: " Æ bryr mæ om politikk , krig og fred å sånn, hihi...  OG TIL HELVETTE MED MANNSVINAN SOM KJØP SÆ SEX PÅ GATAN! SILLIKON E FØRR ROMPISSA,  LENGE LEVE OTTAR .....og sånn..hihi"


2 spørsmål til publikum:

1. Synes du det er like aktuelt med kvinnekamp som for 30 år sidan?

og 

2.  Kva i hulaste gamparevo betyr "fesjå"? 

takk for meg og min korte appell..   om ein kan kalla det det i det heile. 

PS! sjekk ut denne linken:   http://home.c2i.net/sstroemm/arne/   (for ein fyr)

Wordart er satan sjølv..

Ikkje alle har forlatt dette fargerike 80-tallet som oss andre dødlige. Nokre slit framleis med hockeyen og for store kler, men eg vil ikkje som mange andre dra fram klesstilen og musikken i dette fantastiske tiåret. Har heller lyst å vise nesten motbydlig stygge logoar og layot's frå ulike nettstader eg har (av ein eller anna grunn) besøkt som kan minna veldig om smakløsheten på 80-tallet.

dårligfemail
dårlig22

Det finst tonnavis av andre døme, men det eg synst er mest fasinerande (om enn skummelt) er at Internett ikkje kom til Europa før i 1994 (til vanlig bruk). Og desse nettstadene kan med andre ord ikkje ha vert laga tidligare enn då. Men likevel så klarer enkelte sarte sjeler ikkje å dy seg. DEI MÅ PRØVA WORDARTFUNKSJONEN I WORD.  Finst det noko verre verk enn WordArt? Eg berre spør.  For å sei det slik; eg går så langt at eg seier at WordArt fremme dumme sjeler!  Det er satans verk.
Kven trur at bua bokstavar i rosa med Comic Sans skrifttype ser bra ut? Eller kva med dei berømte 3D-bokstavane ein kan kosa seg med, som går på skrå ned skjermen med ein fantastisk bra laga skygge til.  Eg hugsar enno med gru på ungdomsskulen dei som leverte inn prosjektoppgåver med regnbogefargar på overskrifta i 3D. Det ser rett og slett ikkje bra ut!  

Slik....

Der fekk aggresjonen fritt tilløp.

Har arkivert cda på jobb igjen, og kan glede publikum med ei ny lista over artige namn på artistar og titlar:

1. Fe-mail - Syklubb frå Hælvete  
2. Spunk - En aldeles forfedelig sykdom
3. Sher Miandad Khan - Transjoik
4. Hallingdal Kraftlag - Ny forsyning
5. Geitungen - Braknst (koss i svarten uttale du da ordet?)
6. Bente Hemsing - Solè sprett, salmer sull og sånt..  (og sånt??)
7. Lakselv Spellemannslag - Danseslåtter fra finnmark. (den lar eg vær å kommentera)
8. Grimfist - 10 steps to hell

Meir wordart bilder mottas på bjaber@spray.no :)


Det oppstilte 80-tallet

iukgl


Påsketur
Ingenting er som påsketur
Påsketur
Ingenting er som påsketur

Eller?

Oppstilte bilete er noko me alle har lidd oss igjennom. Nokon syns det er heilt greitt, andre, som meg, tykkjer det er smertefullt. Tanter, onklar, mødrer, fedrar, alle tar dei oppstilte bilete.. Fenomenet oppstår som regel i konfirmasjonar, bryllaup, skogsturar,  og sist men ikkje minst; påsketurar.  Kven kan vel gløyme når mor står med kameraet midt i den verste bakken før hytta, du er dritsliten og vil berre opp til hytta og hive skia ein viss plass, og så klarer mor kjære mor å rope: ”SMIL, lat som dykk går fiskebein og smilar”.        JA! For ein god idè!

Eller?

Vanlege positurar på påsketur kan sjå omtrent slik ut (her teikna med strekmenn):


ski
Diskusjonen om det heiter å stå på ski eller kan eg prøve å stoppe med ein gong. Når ein beveg seg framøve på snøen med to pinnar på beina , heiter det å på ski. Når ein står i ro med eit falskt eg-vil-heim-og-spela-playstation-smil og far veiftar engasjert med ein smilsjokolade framfor kamera for å virke morosam, då står ein på ski.

Eller?


PS! Takk for ei superdiggfantastiskbra helg i Trondheim til dåke i Nord! Bjarte M : godt å våkna opp med den gjengen hver morgen..

PPS!   Neida Pappa du tok faktisk ikkje altfor mange oppstilte bilder. Det skal du ha...

her er nokre fleire eksempler på oppstilte bilder:  (trykk på bileta for full storleik)
                    

og nokre som faktisk ikkje er så oppstilte: (tru da eller ei)
             

takkar papen for fabelaktig fotografprestasjonar..



Bay(b)watch

david

Ja me hugsar alle serien. Sjølv folk øve sine beste år har sett på programmet.  Eg snakkar sjølvsagt om Baywatch. Eit imponerande samansurium av vakre damer med silikonpupper og menn som har trena så mykje sit-ups at dei kunne vaske singleten på magen sin. Og i tillegg til å vær så fordømt vakre og tiltrekkande , redda dei liv også, men dei redda ikkje liv kor som helst , dei redda dei i vatnet. Ingenting er jo bedre enn den scenen/scenane der C.J (Pamela Anderson for dei mindre begava) kjem våt og vakker opp frå havet etter ein redningsaksjon, uten at mascaren renner frå augene.  

Det kallar eg kvalitetssminke!




Manuset til ein typisk episode såg omtrent slik ut visst ein tar vekk alle replikkane;
  1. Intro, masse damer i bikini.
  2. Konflikt mellom ein part og ein anna, helst om kvifor dei ikkje får lov til å surfe der og der..
  3. Mitch (på bilde),sjefen sjølv, seier at dei ikkje skal surfe der fordi det er farlig.
  4. Han flexe litt musklar og så går han inn og gjer "papirarbeid".
  5. Surfarane surfar allikavel. (sjokk!)
  6. C.J. og Lani (Carmen Electra) spring bortover stranda i ein 2 nr. for liten badedrakt.
  7. Visse fordelar går opp og ned. 
  8. Surfarane måpar på dei flotte badevaktane, gløymer seg vekk ett sekund og kræsjar i "dei farlege klippene"
  9. Mitch reddar dei under tvil, og kjeftar på dei mens han tar munn-til-munn metode.
  10. C.J og Lani seier "oh my god, what were you thinking?" i kor ett par ganga på rad.
  11. Surfarane kjem til live igjen, angrar og blir i staden surfelærarar på stranda for ungar som er psykisk utvliklingshemma. 
  12. the end!
For å sikra seg mest mulig politisk korrektethet har dei sjølvsagt ein neger med i serien, og han er sjølvsagt det mest fornuftige yrke i verden: politi. Også på kvinnefronten har dei sikra seg.  Dei har sjølvsagt med Steph (Alexandra Paul), som verken har silikon eller er særskilt pen. Ikkje nok med det, ho er smart også. 

Baywatch Hawai er arvtakaren til originalserien, sjølv om den ikkje klarte å nå same sjåartal, inneheldt den også overraskande nok, masse flotte damer og good-looking men.  Så serien har nok tapt seg litt, og det er nok ikkje så originalt som det ein gong var.

Godt at me framleis kan sjå Pacific Blue gå i reprise kvar sommar på TV2!

-RedakBjarte-

(kjelde: www.baywatch.com , www.davidhasselhoff.com og min tragiske tv-erfaring.)



 





Sympatifest


Eg kan godt starte dette innlegget med å snakka om alt maset i jula, pakkane, familieselskapa, kakeoverdose, mas, tjas, osb...  Men det skal eg ikkje gjere. Istaden vil eg heller dedikere innlegget til dei fantastiske vennene mine på Stord og vise nokre bilde frå nyttårsfesten me hadde.

Før eg startar med bildeserien er det nokre opplysningar ein treng å vete:
1. Torstein , ein i gjengen, må jobbe på nyttårsafta
2. Torstein må ikkje berre jobbe på nyttårsafta, han må jobbe heile natta og litt til.
3. Torstein jobbar på eit senter for psykisk utviklingshemma.
4. "Brukarane"  som dei blir kalla, vil til Haugesund.
5. Torstein gruar seg..

Med andre ord, vår kjære venn Torstein får ikkje bli med på nyttårsfesten. Eg, Helge og Torbjørn følte at me måtte laga nokre sympatibilder til han.

Temaet var: "Me gjer kjedelige og tragiske ting på fest!"

fest10   Fest01
Bjarte knekk nøtter----------------------Bjarte og Helge i kjent boybandstil

Fest03   Fest09
Torbjørn et Twist-------------------------------Bjarte rense dusjsluken
Fest07   Fest08
Torbjørn les ei interessant bok------Torbjørn studerer kvinnekroppen  (merk boka)
Fest02   Fest06
For nokre åndsvake tullingar------------Bjarte utføre rekneskap
                                     Fest05  
                                           Torbjørns nr.1 aktivitet på fest!

Hell yeah!

Lurer litt på om det er Torstein som må sende oss sympatibilder..

-redakbjarte-

hits